Sider

søndag 31. juli 2011

Det er sommar det er sol og det er...

...trampoline.
No har eg ingenting i mot denne flotte innretningen som kan underhalda ungane mine ei stund. 
Heilt til dei byrjar å knuffa. 
MEN, eg og min dvaske trebornsmor kropp har eigentleg ikkje noko oppå der å gjera i det heile.
Så når ungane spør om eg vil koma oppå, prøver meg på andre ting.
Som å lesa eventyr.
Eg legg meg ned midt på trampolinen, finn fram arket med "Prinsessa som ingen kunne målbinde" og byrjar å lesa.
Ungane hoppar og eg les.
Ingen høyrer etter, eg les høgare, vil gjerne ha dei til å setja seg ned, men til inga nytte.
Dei hoppar og hoppar.
 Eg tviheld på arket for å klara å sjå kva som står der.

Hopp då!
Hopp mamma!

"Hei, me kan jo ta rekedansen?"
Eg snur meg over på sida og startar den nokså slitsome rekedansbevegelsen.
(For dei som ikkje kan den, er det bare å ligge på sida, strekke armane over hovudet, og knekke saman på midten, for så å strekja deg ut att. Og slik held ein på.)

"Nei. Hopp!

"Kva med denne dansen då?


Joda.
Den var grei.
I to minutt.
"Nei no hoppar me igjen"

"Hopp du og!"

"Hopp, hopp, hopp, hopp!"

"Greit. 
Eg skal hoppa, mamma må berre inn på do først"
"Haha! Tisse du på deg viss du hoppe?!"

Eg svarar dei ikkje, 
men hadde du høyrt veldig godt, 
ville du høyrt eit par knip, 
medan eg gjekk bortetter vegen og inn i huset.

Tudeldu!

2 kommentarer:

  1. Det eneste trampoliner maner frem hos meg er en trang til å hente puter og pledd for så å ta meg en lur- men det er jammen ikke lett med disse ungene som absolutt skal herje og hoppe når de inntar trampolinen. Imponert over ditt forsøk på å få til en lesestund ;)

    SvarSlett
  2. Hmm...puter og pledd....god tanke!
    Må jammen meg prøvast ein gong tida tillet det:)

    SvarSlett