Sider

mandag 3. desember 2012

Førespurd rapport:)

Sidan eg alltid likar å sjå at folk oppdaterer meg på ting dei har sagt dei skal.
Så får eg piske meg gjera det sjølv også.
Og sidan Line Katrin spurde om det:)

Og dagen vart såhär: 
(litt svensk må til innimellom for å setja den rette stemningen)

Steg 1: Kome seg til ferja.
(ja for ferje må ein ta når ein skal til Bryne frå der eg bur)
Det var jommen meg lettare sagt enn gjort.
For eg, som ser på meg sjølv som ein under gjennomsnittet god sjåfør, 
vil vel ikkje påstå at eg er BETRE når det har snødd og snøen er slik tørr glatt og utilregneleg.
SÅ eg ville aller heldst køyre i 40-50 i 80 sonen.
Og gjekk kva! 
Heldigvis kom eg inni ein heil kø med elendige snø køyrarar.
(Ikkje fremst)
Så me trulta oss ilag nedover, det var strålande:)
Det som ikkje var så stas var at eg høyrde på ein nonstop julekanal på radioen. 
Og sidan eg vert veldig rørt av julemusikk, sat eg med tårer i augene heile vegen ned.
Upraktisk.

Steg 2: Finne fram.
Etter eg hadde funne Bryne. 
Som gjekk som ein lek,
sidan me har ein slik dings som seier kvar eg skal køyre.
Men då eg kom til Bryne, fann eg ut at eg ikkje lenger trudde på den og at den heilt sikkert skulle ha meg til å køyre inn vegar som var einvegskjørte,
(Veit ikkje om det finnes på Bryne, men likevel)
eller vegar som er bygd om til trapper som berre går an å gå i.
Veit ikkje om det er heilt vanleg å gjera, 
bygge om trapper slik, 
men eg fann i alle fall ut at det kunne vera tilfelle denne dagen.
SÅ. Eg parkerte og prøvde å finna fram til fots. 
Dårleg ide.
Dritkaldt og ingen mennesker å spørja om vegen.
Så eg ombestemte meg, satte meg i bilen og byra kjøre rundt litt sånn på måfå.
Plutseleg fekk eg føre meg at eg skulle parkera HER og leita litt her i frå.
Men då eg kikka ut vindauga stod det jommen meg BALUBA illustarajon på veggen!
Har du sett!

Steg 3: Vere på messe.
Dette var eigentleg det lettaste og koslegaste punktet for dagen.
Mangen hyggelege mennesker som både var på messe og som kom for å kikka på alle dei flotte tinga som stor og viste seg fram på borda.
Julemusikk og julegløgg og julelys, rett og slett heile pakken.
Eg stod litt sånn til at eg var den første folk såg med ein gong dei kom inn, 
så eg kjende eg måtte ta på meg ansvaret og seia hei.
Så eg sa "hei hei" 
Og dei såg rar på meg og lurte på kvifor EG sa det til dei.
Men eg kjenner at det er unaturleg
 å ikkje seie hei til nokon som kjem inn ei dør når eg står på den andre sida. 
Bort i mot frekt hadde det vore! 
Berre stått der og stirra på dei. 
Nei eit hei er på sin plass.

Sjå kor koseleg det var:
Vaffel hjørne

Fin julepynt.

Og julepynt som var så stygg at den vart fin.
Om det vart nokre slike med heim spør du?
Å jada:)

Koselege bamsar.

Og sjølvsagt fuglar.

God stemning før det opna.

Steg 4: Kome seg heim.
Igjen så var det denne glatten som ikkje var heit på mitt lag.
Eller eigentleg så var det betre veg no når eg skulle heim.
Det som var problemet var vel heller at eg køyrde bak ein traktor eit godt stykke.
Der og då var det veldig greit.
(Igjen dette med at det ikkje er MIN feil at det går seint...)
Men då eg ikkje nådde ferja med ca 30 sekund, så var det ikkje så gøyalt å ha kjørt bak drittsinketraktoren.

Så kva kom eg heim med, for utan styggfin julepynt 
(som eignetleg kan brukast til heilt vanleg pynt om ein vil)

Jo dette flotte trykket!
(Bilete yt ikkje trykket rettferd)

Det er laga av Yngve Sortland (Alias Ghostscreen)
Han er knakande flinke så skjekk ut det han gjer her.

Skal sei at det var så utruleg mykje flott der nede!
Flinke og flotte mennesker altså:)
Og JUHU! til Kathrine og Kristin som laga det i stand!

Rapport avlagd:)

Tudeldu!








2 kommentarer:

  1. Dette er no berre heilt fantastisk! Du skriv såå artig! Og er ein veldig fornøgd referatkrevjar, smiiil. Såg veldig kjekt ut og sikkert flott å møte andre kreative sjeler. God kreativ dag!

    SvarSlett
  2. Å, så kjekt å lese! Tusen takk for at du tok turen ned. Det var ein veldig fin dag og eg gler meg allereide til neste år:)

    SvarSlett