Sider

fredag 29. januar 2016

torsdag 28. januar 2016

Ny bok!

Her er det tett mellom innlegga ser eg.
Uansett.
Her kjem ei ny Besta og Bo bok!
Håpar de spring til butikken og kjøper den.
Om de vil ha den då sjølvsagt.

Ha ein stålande dag!
Tudeldu!

torsdag 11. desember 2014

Då kjem det snart ny bok.

Tjoho!
Endeleg kan eg få visa dykk ei ny lita bok eg har skrive og teikna.
Besta og Bo - Tanntrøbbel


Den er i salg frå 15 januar.
Håpar den kan få vere med på eit par koselege lesestunder.

Tudeldu!


onsdag 26. november 2014

Om eg var ein superhelt…

…skulle eg ønska superkreftene mine var å bake bollar.
Skikkeleg gode bollar altså, 
ikkje nokon tullebollar her i gården!

It´s not a bird.
It´s not a plane.

It´s…

  
…og hjelparen hennar Rasmus!
(Han er knakande god på å knase egg)


Svjoooooooosjj...
(superhelten flyg liksom vekk lyd)



onsdag 19. november 2014

Ugler

Har laga eit par ugler, eller eit par er jo to. 
Eg har laga tre.
Tri smi Iglir!




Kanskje desse hadde teke seg fint ut som små kort, 
som kan hengjast på veggen om den som får kortet har lyst til det då.

Forresten. 
Om ikkje lenge kjem det ei ny bok!

Og om de ikkje har sett Lille Stor Hjerte,
så kan de gå inn her og sjå.
Der har eg laga illustrasjonane.
Ikkje animert dei då, det kan eg ikkje.
Veldig gøy prosjekt.

Tudeldu!

 
 

tirsdag 21. januar 2014

Litt tilbehør må ein ha.




Eller?
Synest desse vart fine eg.
Det synest Unni og Gunni også.
Dei er veldig glade for at eg alltid kjem til å tenkje på dei.



Muleg eg ikkje brukar telefon dekselet slik til kvardags.

Unni: Hæ! Kva er det du seier?
Meg: Jamen, eg kan jo ikkje gå rundt med dåke to på telefonen slik i tide og utide.
Gunni: Det synest EG.
Unni: Eg og.
Meg: Me får sjå....


Uansett:
Dette er eit prosjekt som eg har den store gleda av å få lage illustrasjonane til.
Fiiiint prosjekt og strålande folk!
Laga illustrasjonar av dei for ei stund sidan.

Til me sest igjen:
Tudeldu!

Unni: Eg synest du burde ta det på no....







søndag 8. desember 2013

Til frå lappar


Her er eit par til frå lappar om de vil ha til julepakkane.
Men eg trur dei passar til andre gåver også, kanskje.

Ha ein strålande dag!
Tudeldu!

torsdag 28. november 2013

På laurdag…

…ville eg teke turen til Litteraturhuset i Bergen.
Om eg ikkje skulle der uansett då.

Trur ikkje det vert mangel på flotte julepresangar der.
P.S: Det er lov å kjøpe bøker til seg sjølv og altså.

Tudeldu!
Håpar du kjem!

torsdag 8. august 2013

Dyrelotto!

Fann ut ein lur ting i dag.
(Syntest det sjølv i alle tilfelle)

Om du skriv to slike ark er det bare å lima dei på litt tjukk kartong 
eller litt tjukt ark, så er det berre å finna to like.
Sidan det no ikkje er ein heilt bråte med dyr,
trur eg dette sikkert passar til dei minste.

I tilfelle det kjem ein regnvers dag.
Mot all formodning sjølvsagt....


Tudeldu!

torsdag 18. juli 2013

Sumar gjester!





Alltid gøy å ha dykk på besøk!

Ha ein fortsatt flott sumar:)

For mitt vedkomande vert hausten ei veldig spanande tid, 
gledar meg til å fortelje kva som er på gong:)

Tudeldu!

P.S: Har lagt inn litt elefant trykk til sals under "Bilete til sals" knappen der oppe:)


tirsdag 11. juni 2013

Berre ein liten gjeng...

...som ville helsa på.
 
 
Lurer på kva dei skal finna på i sommar?
 
 
Tudeldu!
 


lørdag 20. april 2013

Nynorsk barnelitteraturpris!

Tjoho!
Eg er så glad!
I går fekk eg ein pris for Unni og Gunni reiser!
Makan, eg kjenner eg er så stolt og glad:)

Det er Noregs Mållag som deler den ut på årsmåtet sitt.
Så i går tok eg turen opp til Ørsta og fekk diplom og ein kjempe blomsterbukett!
Tusen, tusen hjartans takk.
Takk for de har sett ei bok som er for dei aller minste!
Unni og Gunni med diplom og blomsterbukett.
Litt slitne etter ein lang og kjekk dag.

Meg og Janne Nygård som dela ut prisen!
Takk!

Her står det som juryen sa om Unni og Gunni reiser.

Tudeldu!


mandag 25. mars 2013

Utstilling

I går var det opning av 
Påskeutstillingen på 

Eg er så heldig å få lov til å stille ut. 
Og å få stille saman med keramikkdama Turid Vikene var super stas.

Eg hadde ein ide om at eg ikkje skulle ha ramme på 
strekmannane mine.
Eg var litt usikker på korleis eg skulle henge dei opp.
kom med gode idear og ikkje minst hang opp alle bileta!
For ein jobb!
Eg er både imponert og takksam.
Fine mennesker rett og slett.

Men nok snakk.
Her kjem eit par (mobli)bilete.





Utstillingen vil stå til 15.04.2013
Det er ope frå tir 26.april til 1. påskedag.
Kl 13.00-17.00

Fin tur til fin fin plass!

Tudeldu!








onsdag 13. mars 2013

Portrett

Ville berre dela eit par portrett eg laga i det siste:)




Og dette som desse tre fjonge damene held på med, 
 det gledar eg med til å vere med på vidare:)

Tudeldu!