Sider

torsdag 14. april 2011

Lur ide (trur eg)

I går då eg kom tilbake etter eg hadde henta avisa, såg eg den eldste poden vår, (no har me bare ein pode, men han er riktignok og den eldste) sitja å putta noko inni tuten på sykkelpumpa. 
Eg visste ikkje om eg skulle spørja kva han dreiv med eller gå fint forbi å berre lura meg til ein snik kikk. Eg gjorde begge.
For då eg kikka, såg eg at han prøvde å putta eit par markar inni tuten på pumpa. Så då klarte eg ikkje å holda meg. Eg måtte bare spør kva planen var.
Eg må inrømma at eg hadde skjønt det allereie, eg lurte lika mykje på om dei markane kom til å ta ein flott halvbue opp i lufta, og landa mjukt på plenen. Bare han fekk nok trykk på pumpa.
"Ingenting vel…"svara han og snudde seg vekk.

Eg skjøna at skulle eg få svar på dette måtte eg bare la han få holde på. Så eg sa "Neivel" og gjekk inn.
Der stilte eg meg bak gardina, dette måtte eg få med med!
Tenk om det funka!
Då kunne me arrangert markutskytningskonkuranse! (det er vel ikkje noko dyreplageri, eg veddar på at markane både seier oiiiii og juhu! når dei flyg gjennom lufta)
Spenningen var til å ta og føle på. Både utpå plenen og bak gardina.

Han tok litt sats og trykka til det beste han kunne.
Ingenting.
Ikkje så mykje som eit lite blafr i den eine marken ein gong.
"Neinei" hørte eg han sa heiv frå seg pumpa og leika med sparkesykkelen istadenfor.
"Jaja" tenkte eg. Det var verdt eit forsøk, og tusen takk for at du kjem på lure idear. (trur eg)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar