Sider

mandag 2. mai 2011

Då var det gjort…

Henrik And har reist frå meg. 
Han har teke turen til Oslo for å verta bok hos Samlaget.
Han har gleda seg i haugavis.

To tomlar opp:)


Eigentleg skulle alt vera klart til 15 mai. Men sidan redaktøren min Erle Stokke (det er gøy, å ha ein redaktør.) hadde ordna det slik at Ragnar Hovland, (som hadde eit ærend på øya kunne ta det med seg), lot eg ikkje den sjangsen gå ifrå meg. Litt fordi eg ikkje stolar på posten, (beklagar posten og andre leveringstenestar) men mest fordi  Ragnar Hovland er ein stor helt. 
Eg lurte litt på om eg måtte kle meg i bunad. Er det ikkje det ein plar gjera når ein møter storfolk?
Pyntar og stasar seg, syr inn og ut på denna bunaden.
(For min del har det vore mest ut ikkje så mykje inn.)
Eg er glad eg ikkje gjorde det, for då eg kom til hotellet der han budde, aula det med mennesker i bunad. (truleg ein konfirmasjon eller noko) og då hadde det jo ikkje vore stas i det heile.

Vanlegvis når eg er litt smånervøs plar eg å snakka ein heil masse, orda berre renn og eg har lite eller ingen kontrol på kva salgs dumskap som kjem ut.
Men denne dagen var heilt ulik, eg visste ikkje kva eg skulle seia.
Det vart ein særs kort og presis samtale.
Etter min hukomelse utarta den seg slik:

A: 
Hei. 
Anna.

R.H: 
Hei.

A: 
Eg hadde noko her som du kunne ta med deg tilbake.

R.H:
Ja.

A: 
Eg har ein liten ting til deg som takk.
(eg gjev han eit bilete eg har laga)

R.H:
Takk, det var fint.
Eg skal sørge for at illustrasjonane dine kjem trygt fram.
A:
Tusen takk. (pause)
Neeiee... 
Hadebra.

R.H:
Hade ja.

Det var over på eit blunk, 
men vel verdt å vakna spent og ikkje få sova kvart på seks for.
For eg har møtt Ragnar Hovland.

Tudeldu!






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar