Sider

torsdag 26. mai 2011

Let´s twist again

Å nei ikkje no igjen!

Alle visste kva som kom til å skje.
 Og heilt rett, klokka kvart på tre kjem cd spelaren fram.
Trygve smell den opp på bordet og leitar like ivrig som kvar torsdag fram til "let´s twist again"
Han hoppar opp på pulten og startar med sin svært så karakteristiske dansing.
Kikkar rundt seg og ropar: "Jaja, no er det helg!"

Denne torsdagen har Trude fått nok.
"Herregud Trygve! Me veit at du har fri på fredagar!" 
Ho prøver å dytte han ned frå pulten, 
Trygve står standhaftig, peikar med fingrane i alle retningar, smiler og danser vidare.

Trude gir seg.
"Nokon bør seriøst ta dette opp på ein medarbeidar samtale"


Tudeldu!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar