Sider

torsdag 5. mai 2011

Macramé

Eg fekk ei makramé bok her ein dag. 
Den er frå 1978. Dette er 5. opplaget og sidan den vart først utgjeven i 1972 må det ha gått ein makramé farsott i dei tider.
Det først eg lurte på er kva ein eigentleg bruker makramé til, men etter eg har bledd meg gjennom boka har eg komt fram til følgjande:

Eg må innrømma at eg aldri har tenkt på at eit hjørna kan vera kjedeleg og i alle fall ikkje komt på at ein makramé kan gje det ein excting touch.
Men no veit eg da.

Det andre eg lutre på var kva lagar ein om ein er skikkeleg god å makraméa?
Eg bladde ivrig til bakerst i boka. 
Der var det eit bilete av denne kladeisen.


Eg visste ikkje heilt kva eg syntest.
Både imponert og litt "ja det var også noko å bruka tid på"

Ein ting er i alle fall sikkert:
Hjørna som får denne makraméen må verta det mest populæra hjørna i nabolaget.

Tudeldu!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar