Sider

onsdag 8. juni 2011

Ein må øva for å verta treffiskker


Plutseleg ser eg at denna fuglen også skit. 
No har eg teikna to fuglar etterkvarandre og begge skit.
Har eg så lite fantasi, eller er det ikkje så mykje anna fuglar gjer på?

Kva fuglar kan:
- fly
- gå/hoppa
- sjå
- skita
- landa
- sitja
- ta av/letta
- eta
- mata fuglebabyar
- fanga mat
- vaska seg
- strutta med fjøra sine
- hakka med nebbet
- muligens grava (er ikkje sikker)
- erta kattar
- bruka ein pinne til å få mat ut av ei flaska
(dette såg eg ei kråka trur eg det var, gjera på tv. 
Men eg tørr likevel ikkje å tilegna den nevenyttigheten til å gjelda alle fuglar)

Skyt gjerne inn om det er noko du meiner har gått hus forbi
 når det gjeld dette flotte temaet som er på agendaen i dag.

Tudeldu!






1 kommentar:

  1. Men i alle dagar!
    Sjølvsagt!
    Eg har gløymt at dei kan syngja, eller rettaresagt kvitra.

    Tenk å gløyma noko så openlyst.

    SvarSlett