Sider

fredag 17. juni 2011

Kloppetiklopp


Hopla hesten!
Hopla!

Held for tida på med å fargelegge ein del bilete som eg tidlegare berre hadde i svart kvit.
(det var før fargane og eg vart vener)
No kan eg snart bytta ut mange fargelause bilete på heimasida til,
ja, bileter med fargar.

Hugsar forresten at eg var rasande god til å laga hestespringelydar med hendene då eg gjekk på barneskulen.
(Det ein gjer er at ein først klappar i hendene, så slår ein høgrehanda på låret, deretter venstre handa, om dette vert gjenteken nok gongen og i stor nok fart, skal du i teorien høyrast ut som ein hest)
Muleg eg ikkje var god i det heile, men det var det ingen som sa ifrå om til meg medan eg sat og "trava" det beste eg kunne framme i samlingskroken.
 Sjølv syntest eg at det var dritbra. 
MEN når eg prøver no, er det ikkje SÅ likt… 

Tudeldu!

2 kommentarer:

  1. du lager mye fint! ... og morsomt : ) ønsker deg en fin helg : )

    SvarSlett
  2. Tusen takk!
    Kjempekoseleg at du likar det eg gjer:)
    Ei strålande helg til deg og:)

    SvarSlett