Sider

mandag 6. juni 2011

Ver litt fin, om så bare brøkdelen av eit sekund.


Sist veka var eg hos fotograf Øyvind Hjelmen og tok portrett.
Dette er ikkje noko eg har for vane å gjera, 
men eg måtte ha eit bilete av meg sjølv som Samlaget kunne bruka. 
Og sidan det som oftast er eg som står bak kamera her i huset, 
fann eg ut at dersom nokon skal få eit nokolunde bilete av meg 
må det vera nokon som driv med dette, sånn til dagleg.

På vegen til fotografen køyrde eg bak ein flokk med ungdommar som lærekjørte til mopedlappen.
Dei var så flinke. 
Ingen tulla, ingen kjørte sikk sakk, alle blinka.
Ei lang og fin rekke.
Eg veit ikkje kva som gjorde det, 
muligens at eg hadde vakna rundt kl 5 av nokon som ville ammast.
Eller at eg bare vert ekstremt rørt.
Truleg ein kombinasjon. 
Uansett eg byrja å grina.

Ikkje bra, sidan eg hadde pynta meg det beste eg kunne,
eg hadde teke på mascara.
Eg måtte halda hovudet bakover slik at tårene ikkje trilla. 
Og alle som nokon gong har køyrd bil, 
veit at dette verken er særskildt behageleg eller trafikktrygt.
Heldigvis blinka dei (alle samam) ut til høgre etter 
ei stund og eg kunne koma meg til hektene igjen.

Jo, det vart bilder. 
Til og med nokon som kunne brukast.
Det er slikt fotografar kan, fanga det eine brøkdelen av eit sekund du vert fornøyd med.
Om det liknar på meg slik eg ser ut til dagleg er ikkje så farleg.
For eg var slik, smilte fint og klarte å halda begge augene opne samtidig. 
Om det ikkje var meir enn i brøkdelenen av eit sekund.

Tudeldu!



2 kommentarer:

  1. Så bra skrevet!
    Kjenner meg igjen, av og til er det merkelig hva som kan få en til å bli rørt. Blir spennende å se boken din, du legger vel ut litt bilder etterhvert :)

    Og du, angående sånn fargerik og fin teip. Jeg har også bare gjennomsiktig og ducktape i heimen jeg også, men hun som har laget den har en veldig fin blogg.

    Den finner du på: http://howaboutorange.blogspot.com/search?updated-max=2011-05-11T10%3A55%3A00-05%3A00&max-results=7

    SvarSlett
  2. Takk:)
    Ja eg kjem til å leggja ut bilete etterkvart:) Må jo driva med den eigenreklamen eg kan.

    Den må eg ta meg ein rundtur inn og sjå på.
    Takk for tips:)

    SvarSlett