Sider

tirsdag 19. juli 2011

If you can´t beat them, eat them


Og då er det Skvalderkål eg snakkar om.
Her rundt om kallar me det Bjødnalabb...
Eg veit ikkje kva som er det mest passande namnet.
Ingen eigentleg.
Uansett, eg har lert av mor mi, at dette er ikkje noko ein ynskjer å ha i hagen,
under nokon som helst omstendighet.

Som den gode datter eg er bestemte eg meg for å prøva om det gjekk å eta dette ulumsket som trivest så godt i mor mi sin hage.
For eg har (bank i bordet) ikkje sett snurten av dei i hagen min.

Eg bestemmte meg for å prøva skvalderkålgrateng.
Det går ut på å koka skvalderkål, koka det litt meir med buljong og smør, ha det på ein tallerken og gratinera det i omnen med ost over.
Eg kokte og kokte, kokte litt meir, (mørt må det vara) då eg kom til gratineringa, fann eg ut at eg måtte ta ein liten smaksprøve.
Joda, det smakte som gras innkokt på buljong og smør...
Eg togg og togg, men det ville berre ikkje ned.
Eg dreit i gratineringa, eg rekna ikkje med at det ikkje hjalp stort med ost på toppen heller....

Men gir eg meg?
Nix.
Neste gong er det suppe.
Skvalderkålsuppa.
Då treng eg i det minste ikkje å tygga...

Tudeldu!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar