Sider

søndag 3. juli 2011

Lansering av Henrik And



Slik såg boka mi ut då eg leverte ho frå meg.
Lett hengslengt inni ein perm.
No er det snart lansering og eg gleder meg til å sjå den in real life.
Eg har godkjent både tekstplassering og layout på framside, 
så no er det ikkje meir eg kan gjera.

Lanseringa vert 17. august. 
Gøy!
Det som ikkje er fullt så morro eg at eg er vekkreist den dagen.
Det er ikkje så mange gongar ein får vera debutant, 
men men eg får bita i det sura eple.
Eg hadde sikkert vorte så nervøs,
 at eg hadde mast hovudet av dei som var der uansett, 
og det hadde ikkje teke seg bra ut.
Det er sikkert like greit.
(ja eg prøver å trøysta meg sjølv litt her)



Tudeldu!


2 kommentarer:

  1. Så spennande. Masse lykke til lanseringa!!

    SvarSlett
  2. Tusen hjartans takk!
    Tar med meg alle lykkeønskingar i kofferten:)

    SvarSlett