Sider

tirsdag 30. august 2011

Ny bikini

I sommar hadde eg pakka med meg den gamle bikinien som eg no har brukt i godt over...
ja...den har no vore med meg så lenge at eg ikkje heilt i farten kjem på kor gamal den er.
Jysla god bikini? 
Eller det faktum at eg ikkje heilt klara å finna  nokon som eg føler meg fjong i?
Då er det like godt å hive på seg noko gammalt rask, så ser det i alle fall ikkje ut som om eg trudde at denne litt for trange og sprakande bikinien satt som eit skudd på ein vinterbleik dvask kropp i eit grelt lys på eit alt for trangt prøverom.
Nei det skulle i alle fall ikkje eg ha noko av.
Så difor såg eg slik ut.
(eigentleg litt verre og)


Ja. 
Fargane på denne  bikinien skein om kapp med sola i sine glansdagar.

Då me andre dagen skulle i bassenget og bada skjøna eg at eg måtte få meg ein ny bikini.
Eldsteguten holdt nærast på å drukne, for han hadde oppdaga at då bikinien min vart våt...

"alle kan sjå at du har ei rompa onda bikininen mamma!!"

...vart den utslitte trusa nærast gjenomsiktig.

Eg veit ikkje kva som var værst: at guten svelgde særs mykje klorvatn, 
eller at eg hadde gått og sprada som ingenting heile dagen i forvegen.

Lang historie kort:
Eg endte opp med ein litt for liten bikini. 
I all for grelle fargar, med ein klovnedusk på...

Jaja, ingen kunne i alle fall sjå at eg hadde ei rompa under bikinien...

Tudeldu!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar