Sider

torsdag 29. september 2011

MIN FØRSTE GIVE AWAY

Javel.
Har tenkt på detta lenge og vel.
Først tenkte eg at eg skulle ha ein då eg fekk 10 følgjarar, 
så tenkte eg at det skulle vera etter eg hadde blogga i 1 år,
så berre ombestemte eg meg med heile greia.

Og så bestemte eg meg igjen.
Eg og har lyst til å ha ein give away.
"Alle andre har det jo"

Men tingen er at eg er skikkeleg redd for at dei ikkje er nokon som tar lodd.
Det vert jo berre flaut.
Men skit la gå, om så er.
Då får eg heller bare flaua meg ei lita stund, 
og så går det over

So, here goes.

Gi borten min er eit av desse to bileta.
(den som vinn får sjølvsagt velgja kva bilete som passar best heime hos deg)

Du kan lesa om bileta i eplabutikken her.


Det vert det vanlege loddopplegget:

1 lodd om du tar ei strømpebukse på hovudet medan du skriv ein kommentar.
1 lodd om du vert følgjar medan du triksar med ei tennishall på hovudet.
(dei som er følgjarar har jo ein litan fordel her)
1 lodd om du linkar til denne giveawayen på din eigen fantastiske blogg.

Henrik And:
Og 1 lodd om du tek tommelen opp på fjesboka mi.

Anna:
Seriøst?

Henrik And:
Jupp.

Anna:
Ok.

Altså mulighet for 4 lodd her.
(skriv gjerne i kommentarfeltet kor mangen du tar,
så slepp eg å halde styr på det)

Dette gjer eg nok bare for at det skal sjå ut som om det er mangen lodd 
når eg skal ta trekninga 10. oktober.

Tudeldu!



14 kommentarer:

  1. Jeg er med! Elsker dine illustrajoner! Jeg tar 3 lodd er du snill...klarer ikke det med tennisballen.

    mvh Erika

    SvarSlett
  2. Så stas:) Tusen takk!
    Nei det med tennisballen er litt tricy. Enig der, men øving gjer meister....eller har eg vore for hard med dåke?


    Ha ein strålande dag Erika!

    SvarSlett
  3. Såå flotte illustrasjoner du lager.Må bare bli med på din første give away,har ikke blitt så tøff at jeg har turt å dra igang en enno jeg. :-)
    Har linket til deg på min blogg samt kommentar her hos deg så da skulle 1+1 være 2 lodd til meg.
    Ha en fortsatt fin-fin uke!

    SvarSlett
  4. Eg meir enn likar Henrik And, både på fjesboka og elles, så det blir eitt lodd.

    Det er for varmt til å ha strømpebukse på beina, så hovudet er bra - eitt til!

    Eg har ingen blogg å lenka på, men eg kan lenka på fb! Og ingen såg meg medan eg triksa med tennisballen, så det gjekk fint - det må bli minst tre lodd, det!

    Særleg sidan eg har skrive tekst om Henrik And i dag, til barnehagebladet Pirion :-)

    SvarSlett
  5. Y's design: Så kjekt du vil vera med på giborten:)

    Hege: Sjølvsagt vert det tre lodd på deg:)
    Eg set så utruleg stor pris på at du har skrive om Henrik!
    Juhu!

    SvarSlett
  6. Jeg slenger meg med- og trekker lykkelig og forventningsfullt 3 lodd. Håper at det ene er vinnerloddet, det hadde vært en fin belønning for å sitte med strømpebukse på i kontorlandskapet ;)

    SvarSlett
  7. Jeg får dessverre ikke til å linke til GiBorten din- Føler meg motarbeidet og utdatert- MEN jeg føler meg fortsatt veldig heldig- og regner derfor ikke med at det skal by på noen problem at du fjernet et lite lodd fra min overnevnte kvote på 3..

    Gleder meg til 10 oktober!! :)

    SvarSlett
  8. Har høyrt at han som sit og ordnar med linking hadde fri i dag.
    (leste det i lokalavisa her ein dag) Så det er sikkert der det ligger.
    Eg skal hiva oppi to heldige og sprellande lodd til deg Eple:)

    SvarSlett
  9. Herlige bilder! Da tar jeg gjerne 3 lodd, kommentar, følger og liker på FB:)

    SvarSlett
  10. Dine tre lodd er forsvarleg plassert i urnen Katrine:)

    SvarSlett
  11. da går jeg for to lodd jeg ... men akrobatiken er ikke på sitt beste må bare innrømme ; )

    SvarSlett
  12. Det går supert:)
    To lodd notert bak øyra.

    SvarSlett
  13. Eg kastar meg over morsomme aktivitetar og tek to lodd:)Superflott at det blir eit opplag til av boka di. Hipp hurra for deg!

    SvarSlett
  14. Ja det er mest som eg hadde flagga, om me hadde hatt flaggstang.
    Kjekt at du vil ha lodd:) Eg brettar to lappar fint saman til deg:)

    SvarSlett