Sider

torsdag 15. september 2011

Sommarminne

Klokka er 6.00.
Eg har vore vaken lenge.
Dusja, ete frukost, bytta bleia 
og alt anna som høyrer morgonane til.
Resten av husstanden søv i sin djupaste søvn.
For meg er det tid for trilletur.

Eg er av dei mødrene som viser sin kjærleik ved å kle godt på borna mine.
Sjølvsagt på andre måtar også, men dette er ein av dei måtane berre mødre kan.
Difor kler eg på med gode hensikter.
Ulldress, strikkajakke, hua og to fleespledd meiner eg eg høveleg denne julimorgonen kl 6.00.

Målet med heile turen er å få veslejenta til å sova ein liten lur, 
slik at ho er ei blid og triveleg jente fram til neste kvil, då eg også kan legja meg til å kvila.

Me trillar, det er heilt stille, ingen å sjå,
me trillar og trillar.

Eg nappar med meg eit strå.
Stikk det mellom leppene som ein cowboy, eller cowgirl vert jo eg.
Kanskje det er det eg er. 
Ei nesten einsam cowgirl ute ein grytidleg morgon, på leit etter kyrna sine.

Det er stille og fredeleg, eg høyrer berre lyden av hjula mot asfalten og nokon av dei aller tidlegaste morgonfuglane som har starta å kvitra svakt.
Koseleg.
Veslejenta glippar med augene og held på å sovna.

Så skjer det.

To dritt kråker byrjer å skråla.
Truleg har dei bygd reiret sitt for nære vegen, 
og nå må dei skremma alle som spaserar på vegen, uvitande som feilplasseringa deira.

Drittkråker!
Eg hyttar neven mot dei.
(har høyrt at det understrekar at ein meinar det skikkeleg)
Så eg hyttar litt ekstra.

Sjå til å hold kjeft, 
eg prøver å få ongen min til å sova her!
Hold kjeft seier eg!

Eg skjønar fort at det muligens var litt i overkant å reagera slik, 
då eit sint anlete dukka fram bak ei gardin.
Eg trillar jo tross alt i eit byggjefelt.

Det er lett å gløyma når ein er underernert på søvn og svirrar rundt i ei alt for tjukk ammetåke.
Uansett, veslejenta sovna til slutt, 
og i det eg nærma med huset vårt kjende eg 
at det nok vert bacon og bønner til frukost.

Som berre ei skikkeleg cowgirl kan laga.

Tudeldu!

2 kommentarer:

  1. jeg faktisk liker den kråka di ; )

    SvarSlett
  2. Då vert den nok fornøyd:)
    Tusen takk skal du ha demie:)

    SvarSlett