Sider

tirsdag 25. oktober 2011

Fantastiske lampar

Vil bare dela desse flotte lampane med dåke.
Har vert på besøk i helga, og i det huset fann eg så mange flotte ting eg måtte ta bilete av.


Det må ha vore nokre heisne kreative skjeler som kom på at dette var 
nokre gode idear til lampar.
Heia lampedesignarane før i tida!

Litt usikker på kva farge me skal ta på lampeskjermen.
Løysning: 
Ta ein i kvar farge, 
ein treng jo ikkje LAGA problem.

Ein Norrøn mytologi lampe.
(Er det ikkje to hundar med raude auger i den norrønne mytologien?)
Perfekt til det Norønne mytolotitemaen som eg har tenkt å ha i stova.
Sjølvsagt.

Truleg selde den ovenforståande lampen så godt at dei køyrde vidare på hundetemaet.
Denne gongen gjorde dei det lett:
Hundestatue + Lyspære = Lampe.
PS. Tunga er av filt, som er limt på med stødig hand.


Og sjølvsagt ein hestelampe.


Tusen takk for me fekk koma på besøk, 
og takk for fantastisk myke inspirasjon!

Tudeldu!







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar