Sider

søndag 19. februar 2012

Det vert ikkje alltid rett med ein gong.

Då eg laga Henrik And, skissa eg sjølvsagt opp korleis eg ville at illustrasjonane skulle vera.
Men det vart  ikkje alltid slik eg såg det for meg den første gongen det vart til slutt.

Eksempel 1

Henrik and som katt som ikkje vil eta ekkel mat.
(Det er då månen som skal vera i bakgrunnen.)
Denne sida vart litt kjedeleg, greit å gjera det enkelt, men ikkje for enkelt heller.
For sidan dette er side 3 i boka, så må det vere litt meir svung, 
litt slik at dei som blar i boka, ikkje legg boka frå seg med ein gong.

Her har eg då teke med gjerdet frå sidan før, og dei stakkars musene som vert ete opp.
Bra å ha ein stabel med pappesker å gjømma seg i.
På denne sida skjer det litt meir.

Slik den vart til slutt.
Glad eg endra på den, trur det vart til det bedre?

Eksempel 2

Henrik And som hund som stikk hovudet ut av bilvindauga:
Ja, slik vart altså den første skissa.
Her er det rett og slett berre Henrik og vindauga. 
Kvar er resten av bilen, mulig det vart litt vanskeleg for dei minste?

Så var det litt meir bil.
Det var litt meir fart i den første skissa, 
då vindauget vart plassert diagonalt (nesten) på sida.
Men likevel gjekk eg for denne:)

Som vart sjåande slik ut i boka.
Dette var den illustrasjonen som eg jobba mest med å få til å verta heilt slik eg ville.
Men til slutt passa den fint inn i boka saman med dei andre.

Her kan du sjå eit anna innlegg om då eg klippa og lima for å laga ei side til boka.

Eit dyr som ikkje kom med i boka:
Larva…

…som vert til sommarfugl.

Og eit dyr som ikkje kom lengre enn til skissene:
Henrik And ekorn, som kan samla nøtter og hoppa frå tre til tre…

…men som søv vekk heile vinteren då han går i dvale.


Tudeldu!














Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar