Sider

lørdag 25. februar 2012

Forfattarkveld

På torsdag var eg med på min aller første forfattarkveld:)
Eg ser jo ikkje på meg sjølv som ein forfattar, 
men eg fekk heller vera det den eine dagen.
Det som var det skumlaste med heile opplegget, 
var jo at dette eigenteleg var meint for vaksne.
Og så kjem eg, med barneboka mi, 
og skal lesa den høgt OG visa bilete...
Eg skal innrømma at det kjendes som om hjarta skulle 
banka ut av genseren min då eg skulle opp.
Før eg skulle opp, las Kristine Tofte frå den nye 
fantasy romanen sin som snart kjem.
Superduper dama!

Uansett. 
Her var det meininga at ein skulle bruka mikrofon, 
sånn liten "mygg" som ein festar der det måtte passe, 
men helst i nærleiken av munnen slik at dei som høyrde på, ja høyrer noko.
Problemet var at ein også måtte ha ein ledning med ein dings på hengjande, 
uerfaren som eg er,
hadde eg ikkje plass til den nokonstader.
Eg hadde ikkje lomme, 
og då eg skulle bruke hempa til å hengjen den under genseren
 (hadde sånn lang genser med tighs under) datt heile hempa av. 
Så det endte med at eg berre måtte lura den lett ned under tighsen, 
noko som då alle dei framøtte fekk med seg.
Sjølvsagt, sidan eg sa det høgt, fordi eg nett hadde teke mikrofon på meg.
Det gjekk utruleg nok ganske så bra.
Eg fortalde litt om boka, las og viste bilete.
Det såg ut til at ei barnebok fall i god jord på vaksenkvelden,
eller så syntest dei litt synd på meg.
Det veit eg ingenting om.
Ein erfaring rikare og ja det gav meirsmak:)

Etter eg hadde komt  meg gjennom det eg skulle,
las Agnes Ravatn og Frode Grytten.
Eksepsjolelt gøyalt å høyra på!
Det må ein seia:)
Ein vil jo ikkje at det skal ta slutt i det heile.
Men det gjorde det altså.
Som alt anna:)

Tudeldu!

(tok litt bilete, men dei vart så heisne dårlege at dei egnar seg ikkje nokonstader)

2 kommentarer:

  1. Du var så flink! Og det var så gøy å høyre på! Og eg blir jo frykteleg barnsleg og må rope giraff og løve, håper det ikkje forstyrra.

    SvarSlett
  2. Det var god at nokon forstyrra:) E jo vant med at nokon avbryt heile tida når eg les, så då er det godt å ha nokon som legger frå seg alle hemningar og ropar laus:) Takkar for den:) Godt du koste deg, det gjorde eg og når du las:)

    SvarSlett