Sider

onsdag 28. mars 2012

Eg var så heldig...

...at min kjære redaktør Erle spurde meg om eg kunne
laga eit bilete til Ragnar Hovland sin bursdag frå ho.
Sidan dette skulle vera ein 60 års presang PLUSS
 at det skulle vere til Ragnar Hovland, kjende eg presset som ei kanonkule.
Det MÅTTE berre verte bra.
(om det vart bra nok kan ikkje eg dømma)

Det første eg eigentleg skulle laga var eit pungdjeveldyr.
Då eg spurde om det var noko eg kunnen ha i bakgrunnen vart svaret 
"Ragnar Hovlad"
Og som sagt så gjort.
Dette vart resultatet:

Dette er eit litt dårleg bilete av bilete.
Eg måtte berre få med det eg syntest var ein god ide:
Halen til Pungdjeveldyret heng utfor passepartouten 
(eller no korleis det skrives, tulleord)

Uansett.
Eg fekk vera med på å gi han bilete, det var gøy:)


Tudeldu!

2 kommentarer:

  1. Kjempebra bilete! Og fin innramming. Tegna du halen på passepatouren? Fin fin dag til deg:)

    SvarSlett
  2. Heisann Line og takk!
    Nei den er skjert ut frå papiret og vippa utforbi då eg ramma det inn:)
    Fin dag attende til deg!

    SvarSlett