Sider

tirsdag 28. august 2012

Fargeslim!

For tida held eg på å finna ut korleis eg skal gjera opplegget rundt når eg 
skal rundt å lesa bøkene og Unni og Gunni.
Planen er å lesa boka om då dei blandar fargar,
og så blanda fargar etterpå i lag med borna for å sjå om dei hugsar 
kva fargar Unni og Gunni blanda.

Kan jo hende me blandar feil?!?
Kva sker då?
Eller kva om me blandar dei fargane som me har blanda??

Uansett.
Eg tenkte først å berre laga fargevatn som me skulle blanda,
men så tenkte eg at SLIM er jo alltid ein slager.
Så då fekke eg ein sjørøvertips:
Koke opp potetmjøljevning!

Det vart strålande, då kan eg velja litt kor tjukk slimet skal verta.

Utprøving av å blanda raud og gul.

Sliiiiim!


Håpar borna synest slim er like gøy som meg!!

Oppskrift:

5dl vatn
1dl vatn
2 ss potetmjøl 
(ikkje strøkne, meir på ein slump)
Skåler
Skeier
Panner
Visp
Komfyr

-Bland potetmjølet med 1dl vatn. 
(Frå no av kalla jevning)
-Kok opp 5 dl vatn.
-Hell jevninga i det kokande vatnet.
Då kan du berre ta panna av plata for det treng ikkje koka, 
berre røring.

Så bør ein venta til det er litt kaldare.

-Hell slimet i skåler.
-Bland ulike konditorfargar i kvar skål og leik!

Tudeldu!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar