Sider

tirsdag 30. oktober 2012

Utprøving av ny teknikk

Som den muligens litt rastlause sjela eg er,
må eg alltid testa ut litt nye teknikkar.
Nye utrykk, nye måtar å formidla kjensler.
Om det vert noko av det til slutt.
Nei det veit eg ikkje.
Kanskje det ikkje er så farleg heller?
Kanskje det er berre er ein veg som igjen fører meg andre stadar?

Det var då voldsomt til tenkjane eg vart...

anyway:



Eg er ikkje ferdig, manglar eit hønsehus etter det eg ser, 
men ville no dela det med dåke uansett:)

Mi store utfordring er å berre teikne.
Ikkje skisse for så å lage ein fin teikning etterpå.
Nei.
Det eg teiknar er teikningen:) 
Om de skjønar...

Tudeldu!

4 kommentarer:

  1. Så kjempeflott at du eksperimenterar! Eg likte dette bilete. Streken er nydelig også likar eg desse store linjene i bakgrunnen samt fargeval. Keep up the good work!

    SvarSlett
  2. Takk Line:)
    Treng litt tilrop når ein bevegar seg utforbi komfortsona:)

    Det var eit bilete som kom opp i hovudet ein dag eg skulle til å sovna.
    Heldigvis hugsa eg det til dagen etterpå.
    Eignetleg skulle ein ikkje fått lov til å leggja seg når det dukka opp idaer i hovudet.
    Men eg er stygt redd for at det hadde vorte relativt lite søvn på denna kroppen om det stod i lova:)

    SvarSlett
  3. Du har så mange fine tegningar! Og bøker :) Eg skjønnar utfordringa, har den same samme sjøl. "Det eg teiknar er teikningen" - godt sagt. Liker tegnemåten og karakterane dine!

    SvarSlett
  4. Tusen takk Kamilla!
    Gøy at du likar det som kjem ut hovudet mitt:)

    Ja ein må av og til utfordra seg sjølv, setja grenser, gjera det vanskeleg. Kanskje gir det nok mortsand til at det dukkar opp eit nytt utrykk eller noko ein kan bruka vidare.
    Eller ikkje:)

    Då er det bare å traske på viadre:)

    Ha ein fantastisk dag Kamilla!

    SvarSlett