Dette er ikkje noko eg har for vane å gjera,
men eg måtte ha eit bilete av meg sjølv som
Samlaget kunne bruka.
Og sidan det som oftast er eg som står bak kamera her i huset,
fann eg ut at dersom nokon skal få eit nokolunde bilete av meg
må det vera nokon som driv med dette, sånn til dagleg.
På vegen til fotografen køyrde eg bak ein flokk med ungdommar som lærekjørte til mopedlappen.
Dei var så flinke.
Ingen tulla, ingen kjørte sikk sakk, alle blinka.
Ei lang og fin rekke.
Eg veit ikkje kva som gjorde det,
muligens at eg hadde vakna rundt kl 5 av nokon som ville ammast.
Eller at eg bare vert ekstremt rørt.
Truleg ein kombinasjon.
Uansett eg byrja å grina.
Ikkje bra, sidan eg hadde pynta meg det beste eg kunne,
eg hadde teke på mascara.
Eg måtte halda hovudet bakover slik at tårene ikkje trilla.
Og alle som nokon gong har køyrd bil,
veit at dette verken er særskildt behageleg eller trafikktrygt.
Heldigvis blinka dei (alle samam) ut til høgre etter
ei stund og eg kunne koma meg til hektene igjen.
Jo, det vart bilder.
Til og med nokon som kunne brukast.
Det er slikt fotografar kan, fanga det eine brøkdelen av eit sekund du vert fornøyd med.
Om det liknar på meg slik eg ser ut til dagleg er ikkje så farleg.
For eg var slik, smilte fint og klarte å halda begge augene opne samtidig.
Om det ikkje var meir enn i brøkdelenen av eit sekund.
Tudeldu!