Sider

Viser innlegg med etiketten Skisser. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Skisser. Vis alle innlegg

mandag 9. april 2012

Elefant

Her ein dag fann eg ut at eg ville teikna meg ein elefant.
Det skulle vere ein som berre var min.
Så eg teikna i veg, utan å veta heilt kva eg leita etter.

Som alltid teikna eg etter hugsen.

Ikkje noko her heller.

Nope.

Her fann eg litt bein og auger som eg ville ta med vidare

Plutseleg, eigentleg ved ein feil, laga eg munnen til
elefanten oppe til høgre.
Den lika eg så godt at den og ville eg ha med!

Så etter mykje leiting fann eg han.
Elefanten min.
Men lange tynne bein og ingen støt tenner,
ein slurvete munn og øyrer som liknar på hundeøyrer.

Deretter måtte eg finne ut korleis han såg ut framante.
No klarar eg ikkje stoppe å teikne elefantar.

Eg la litt farge på nokon, 
er ikkje sikker på om eg likar 
dei best i svart kvit eller i fargar.
Prøver sikkert ut fleire fargeteknikkar på dei.



Uansett:
Eg har min eigen elefant!

Det er gøy å leita fram eigne dyr frå skisseboka!!

Tudeldu!











torsdag 1. desember 2011

Meg, men ikkje meg.

Eg har bestemt at morgonprosjektet skal heita
"meg, men ikkje meg"
Ikkje det at alle små koseprosjekt må heita noko,
men av og til er det fint å ha eit namn.
Dessutan kan det jo henda at eg ikkje teiknar teikningen på morgonen, 
og då er jo morgonprosjektet eit lite passande namn. 
Ikkje særskilt spanande heller.

"meg, men ikkje meg" 
er betre.
Då kan eg både teikna meg, 
(som ikkje ser ut som meg)
Og eg kan vrenga andre og teikna dei, 
(som jo då sjølvsagt ikkje er meg i det heile)



Tudeldu!

onsdag 30. november 2011

Morgonprosjekt

Ja for no har eg funne ut at eg skal ha eit lite morgonprosjekt.
Sånn for å komma igong med teikninga.

For i går sat eg og fireåringen og mora oss med Photo Booth.
Er jo ekstremt kor gøyal ein kan sjå ut med dei ulike effektane:)

Så til prosjektet:
Teikna eit portrett frå Photo Booth`en kvar morgon.
Ikkje bruka lange stunda.
Maks 10 min.

Så her kjem den første:


tirsdag 1. november 2011

Mykje rart

Dei to håpefulle på 7 og 4 år seier mykje rart:

Til kassadama på ein butikk:
og då me skulle gå:
-Og du kan berre kalla ho for kålerabi...

Eg overhøyrde ein samtale i bilen også her ein dag:
4 åringen:
"I Norge er det nokon gamle som kler seg ut"
7 åringen:
"Og det er nokon som kler seg ut som gamle for å få penga"


Nokon spurde eldstemann om korleis det gjekk med oldebesto hans.
"Oldebesta går no rundt med ventilatoren sin"

Tusen takk for dei flotte tankane dåkes!

Tudeldu!


onsdag 5. oktober 2011

Pakke i posten


Utprøving av Pan Pastels settet mitt:)
Fekk lyst til å teikna sjiraff etter at eg sat og såg på Dyrepasserne med borna mine. 
Pluss at ved sida av Pingvin så er Sjiraff eit av favoritt dyra mine.
(beklagar Teddy, men slik er det)

Ser at det var dumt av meg å ikkje kjøpa ein svart, får ikkje heilt den dybden eg vil...
så eg føler meg ikkje heilt ferdig med den.

Uansett.
Sjå alt det gøyale som kom i posten!

Nuvel, det kom jo ikkje heilt av seg sjølv, eg har jo bestillt det....



Denna geniala skisseboko!
Perfekt for skissing til nye bøker :)
Så no er det bare å slå seg laus med pastell så da fyke veggimellom.

Tudeldu!

onsdag 28. september 2011

In ten minutes…

…my eggplant is thinking:


-is this it?

Då var eg i gong på skisseboka mi.
Ok, eg har berre teikna ei side, men likevel, eg er komen i gong.

Dette er kva eg har bestemt meg for til no:
-berre bruka trykkblyanten 
-og viskeleret der det er høgst nødvendig
-teikna ulike ting eg finn på med planten så dette ikkje vert it.

(trur eg)
Mykje endrar seg jo undervegs heilt sikkert.

Tuldedu!



torsdag 22. september 2011

Henrik And ark


Slik.
Nesten ferdig med arket som eg snakka om.
Håpar det fell i smak hos borna som eg skal ha workshop med framover :)
Her er det litt for eit kvart teikneinvå og humør.
Om dei bare vil laga bakgrunn til Henrik, klippa og lima saman eigen Henrik eller teikna eit dyr dei trur han vil vera og lima på eit hovud. 

Men. 
Eg ser at dei må vera rasande gode på å klippa...
...eller få litt hjelp.

Om det er nokon som bare vil teikne er jo det også supert.
Eg har ikkje teikna på auger.
Det tenkjer eg borna for gjera sjølve, slik at dei får sitt eige utrykk:)

Tudeldu!

onsdag 6. juli 2011

Kven er dette?


I lokalavisa for nokre veker sidan var det ein artikkel om
nokon som hadde laga seg ein kabare.
Dette er flinke og erfarne forfattarar som syng og spelar. 
Dei har sjølvsagt snikra saman tekstane sjølve.
Det skulle vel bare mangle seier du sikkert, tross alt forfattarar.
Like vel, eg er imponert.

Men.
Det som var det flottaste med heile innlegget var det fantastiske bildet.
Det var så flott at eg fekk ein ide om å teikna det i min stil.
Eg kjem med heile bilete når det er ferdig fargelagd.

Og kven dette er? 
Nei, det må du venta å sjå når det ferdige bilete kjem.
Eg skal innrømma at det ikkje er veldig likt orginalen, 
men fin kroppsholdning lell. 

Tudeldu!

tirsdag 21. juni 2011

No kan dåke bare gå vekk…

…alle hokattanne som går å tøsar seg utanforbi vindauga vårt.
Det er gjort.
Det er over.
Teddy er ikkje interesser lenger.
Gå til naboen og heng litt der, 
kanskje han fell for dei skitne og slue triksa dykkar.

Tøser!
Tøsekattar!

Tudeldu!

fredag 27. mai 2011

Dagens påstand

-Kvifor?
-Nei, DA veit eg ikkje, men dei et i alle fall ikkje mark. 
Da har dei for lang hals til.

Eg har i alle fall lert noko nytt. 
Godt at ein aldri vert utlert.

Tudeldu!

torsdag 26. mai 2011

Let´s twist again

Å nei ikkje no igjen!

Alle visste kva som kom til å skje.
 Og heilt rett, klokka kvart på tre kjem cd spelaren fram.
Trygve smell den opp på bordet og leitar like ivrig som kvar torsdag fram til "let´s twist again"
Han hoppar opp på pulten og startar med sin svært så karakteristiske dansing.
Kikkar rundt seg og ropar: "Jaja, no er det helg!"

Denne torsdagen har Trude fått nok.
"Herregud Trygve! Me veit at du har fri på fredagar!" 
Ho prøver å dytte han ned frå pulten, 
Trygve står standhaftig, peikar med fingrane i alle retningar, smiler og danser vidare.

Trude gir seg.
"Nokon bør seriøst ta dette opp på ein medarbeidar samtale"


Tudeldu!

onsdag 18. mai 2011

Helene Harefrøken,

glad og lett.

Ho er ikkje som ho ein gang var.
Men lika lett på foten, det kan ingen ta frå ho.

Likar godt "compijuteren" (som da heite in the good old days)
sine fargar. Dei vert så reine og enkle.
Det likar eg.

Så.
Med eller utan fargar?

Tudeldu!

tirsdag 10. mai 2011

Som sagt så gjort

 
Då prøvde eg å fargeleggja mine to håpefulle.
Eg valde ut eit knippe fargar slik at det ikkje skulle verta for rotete.
Men min fargeleggings stil passar ikkje saman med pennesteken min!
Argh! 
Eg har lyst til både å farga fint og jamt og samstundes har eg så lyst til å farga utforbi strekane. 
Kva vert det då? Jo ein litt rar mellomting som ikkje er noko. 
Må jobba vidare med den der ser eg.

Prøvde også å laga teikning av den eine skissa.
Ville gjerne behalde den røffe streken på menneska, og ein tynn varsam strek på jenta.
Nu vel, nu vel.

Tudeldu!

onsdag 4. mai 2011

Frå skisseboka.

Eller eigentleg er det frå skriveboka mi, men det går litt hips om haps.
Uansett.
Då me fekk tredje mann, (ho er strengt tatt ei jente, men det er ingenting som heiter tredje dama eller tredje jente, ikkje tredje gut heller for den sags skuld. Så difor vert det tredje mann) såg eg at det nok ikkje var heilt slik 3 åringen hadde sett for seg at det var å få eit nurk i huset.

Eg prøvde å sjå det frå hennar side. 
Har veldig lyst å jobba vidare med desse bildene og laga fleire med samme tema.




Tudeldu!



torsdag 28. april 2011

Kva om eg er superhelt?

Dadadada da dAAAA....! 

(mens eg held den høgre handa framføre meg, slik som supermann, og deretter sett begge hendene bestemt rett over hoftekammane, smiler mitt litt usikre superhelt smil. 
Lady purple is in tha house)


Sidan far min meiner at han egentleg er Supermann, så må jo eg også vera superhelt. I alle fall 50% 
Mor mi har også ein gong ymta frampå i ein bi-setning at ho ER ei ordbok, veit ikkje om det er like stilig som superhelt, men fiftyfifty superhelt og ordbok er ganske ok. 

Tudeldu!
(eg hiv kappa mi rundt, og før du rekk å blunka er eg vekk)


mandag 18. april 2011

Salami


Lars har vert å handla. 
Då han kom ut  butikkdøra kom han på at han hadde gløymd salami!
Han satte i å gaula.
Både lenge og vel.
Litt i overkant spørr du meg.
Men han fekk det om han ville:
Gro i leligheten over butikken, orka ikkje høyra på dette rabalderet.
Så ho gjekk å kjøpte ikkje meir enn fem salamipakkar til Lars.
Eg har ein mistanke om at det heila var planlagt frå Lars si side.
For då han gjekk derifrå, etter å ha takka voldsomt naturlegvis,
hadde han eit lurt lite smil i ansiktet.

Han Lars, han Lars.
Han er ikkje til å skjøna seg på.

Tudeldu!

mandag 11. april 2011

Pokalen

Av og til dukkar dei opp. Menneska i hovudet mitt.
Her er Lars, ein gamal travar innan idretten. 
Eigentleg var han veldig god på 10 kamp, men i dei seinare åra har han spesialisert seg på spyd.
Ser du til at det var ein god ide.

Tudeldu!

fredag 8. april 2011

Gårsdagens skisse


SÅNN var dagen i går.
Ikkje meir å seia om den saken.

Utan om det var det eit strålandes dag.

Eg har jo og sagt at eg skal skriva kva eg gjer for å klara å starta for meg sjølv. 
Av ein eller anna grunn, så finn eg alltid noko eg må gjera først før eg kjem heilt i gong.
Eg bør jo registrera meg i brønnøysund registrene.
(må berre laga ferdig boka først)
Kvifor det?
Inga aning.
Slik held eg på, kanskje ikkje heile dagen lang, men tanken streifar meg nok eit par gongar til dagen.
Eg føler når eg har registrert meg, då har eg eit firma, så no er det bare å setja alle klutar til.
For augneblinken er eg berre ei vanleg 3 barns mamma som elskar å teikne.
Eg må få fingen ut!
Fingeren kjem nok ut, men om han sprett eller smyg seg ut er det ingen som veit.

Tudeldu!