Sider

Viser innlegg med etiketten The Sketchbook Project. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten The Sketchbook Project. Vis alle innlegg

onsdag 28. september 2011

In ten minutes…

…my eggplant is thinking:


-is this it?

Då var eg i gong på skisseboka mi.
Ok, eg har berre teikna ei side, men likevel, eg er komen i gong.

Dette er kva eg har bestemt meg for til no:
-berre bruka trykkblyanten 
-og viskeleret der det er høgst nødvendig
-teikna ulike ting eg finn på med planten så dette ikkje vert it.

(trur eg)
Mykje endrar seg jo undervegs heilt sikkert.

Tuldedu!



mandag 12. september 2011

The Sketchbook Project

Juhu!
På fredag kom skisseboka mi.

For eg har tenkt å vera med på The Sketcbook Project.
Eg slumpa innom det i fjor også, men då var eg for sein til å melda meg på.
Så i år grip eg sjangsen.

Då eg skulle velge tema så gjekk eg for:
"In ten minutes"
Sjølvsagt var det det besta valget, eg hadde mangen idear i hovudet.
Men no når eg sit her med ei heilt ny og rein skissebok så er ALLE dei andre temaene eit mykje betre valg.
Eg veit at det berre er noko eg seier for eg kvir meg alltid litt til å starta å teikna i ei heilt ny bok.
Vil ikkje øydelegga den!

Så får me sjå om eg klarar å senda den frå meg. 
Får den ikkje igjen.
Aldri!
Har ein tendens til å verta godt knytta til desse fantastiske bøkene som ein formar sjølv.
Tankar og idear kjem til liv.

Det er berre ein liten kneik, 
kneikar bør ein komma seg øve av eigen maskin.

Tudeldu!