Sider

tirsdag 24. mai 2011

Eg veit det er stygt å le,

i alle fall når det er av sit eige born som får vondt…

Men kva skal ein stakkas gjera? Poden har fått seg diabolo. 
Hiver den opp og ser så forventningsfull ut der han trur den skal landa fint ned på tråden igjen.
Men den gang ei, han får den midt i hovudet.
Og mor ler, eg ler så eg må kryssa beina, eg ler så eg må halda meg for ikkje å ramla. 
Endå verre vert det når han ser bort på meg og lurer på om det er HAN eg ler av.

"Beklagar" Seier eg medan lattertårene trillar.
"…men det var jo ganske morsomt" Forsvarar eg med med.
"Det ER morsomt når nokon får noko i hovudet"

Heldigvis for meg så har me det samme synet på kva som er morsomt.
At folk dett og slår seg: Supergøy! 
(Berre dei ikkje får skikkeleg vond då)

"Det går greit mamma, 
det var morsomt at eg fekk den i hovudet, men det gjorde litt vont då"
Han smiler til meg og hiv diaboloen opp i lufta igjen.

Tudeldu!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar