Sider

onsdag 29. juni 2011

Kongen som bare hadde tre hårstrå igjen på hovudet.


Eg fann ein teikning eg laga i 2004. 
Den er det kjente eventyret om kongen som berre hadde 3 hårstrå igjen på hovudet.
Det var det kjekkaste eventyret eg fekk fortalt då eg skulle leggja meg då eg var lita jente.
Og sidan eg lett kan gløyma viktige detaljar når eg skal gjenfortelja, 
utfordrar eg min tidlegare gonatthistorieforteljar til å gjenfortelje det til dykk:)

Kjør på!

Tuleddu!

3 kommentarer:

  1. Takk for utfordrings.

    Denne forteljinga har eg frå far min som hadde vore 100 år i år dersom han hadde levd.

    Her er forteljinga (eventyret):

    Det var ein gong ein konge som hadde mista det meste av håret sitt. Hoff-frisøren prøvde kvar morgon å gjera kongen fornøgd med ein fin frisyre, og spurde kongen høfleg om korleis han ville ha frisyren. Ettersom konken mista meior og meir hår, var det vanskeleg å finna på noko. Ein morgon hadde kongen berre tre hår att på hovudet, og frisøren spurde høfleg korleis kongen ville ha håret denne dagen. Kongen såg i spegelen og tenkte seg lenge. Så sa han: "I dag vil eg ha skil på eine sida." Dette var ikkje noko problem. Det vart to hårtil eine sida og eitt til den andre. Konken var fornøgd og kunne ta fatt på kongepliktene sine for resten av dagen.

    framhald i morgon....

    SvarSlett
  2. Det vart litt trykkleif i går.

    Her kjem resten:

    Neste dag då kongen hadde teke av seg nattlua og frisøren skulle stella håret, hadde kongen berre to hår att på hovudet. Kva skulle frisøren finna på no? Han spurde kongen høfleg korleis han ville ha håret denne dagen. Kongen såg seg i spegelen og svara: "I dag vil eg ha skil på midten. Dette var ikkje noko problem. Det vart eitt hår til kva side. Kongen kunne no gå ut og ta seg av kongepliktene sine.
    Den tredje dagen hadde kongen berre eitt hår att på hovudet. Frisøren spurde like høfleg korleis kongen ville ha frisyren i dag. Kongen tenkte seg om ei stund før han svara:"I dag tar eg det utslått."

    Snipp snapp snute.....

    SvarSlett
  3. Tusen takk for flott eventyr. Da er nett som om da var i går:)
    No er det bare og memorera og fortelja det vidare til mine etterkommera.

    Eg lettar på hatten og neiar.

    SvarSlett